Fornying av abonnement

Vi sender i desse dagar ut betalingskrav for siste halvdel av 2017 til dei som har halvårsabonnement ved treningsstudioet. Dei som registrerte seg i haust og fram til april i år, har betalt for til og med juni månad.

Neste periode er juli til desember. Vi sender faktura per epost til dei som har oppgitt det. Betal innan fristen, eller gi beskjed dersom du ikkje vil fornye – så slepp vi unødvendig purring!

NB! Kanskje har ikkje alle fått med seg at abonnementsperiodene ikkje går etter kva tid kvar enkelt registrerte seg, men følgjer heile månader. Dette for å gjere faktureringsarbeidet enklast mogleg!

PS! Dette gjeld for langtidsabonnement (år, halvår, kvartal). Feriefolk, heimkomande studentar og andre må gjerne ta kontakt for tilgang på kort varsel!

Dei som har gitt beskjed om at dei ikkje vil fornye, kan gjerne levere tilbake nøkkelbrikkene sine. I alle fall dersom dei mest truleg ikkje kjem til å melde seg på igjen.

Uansett stenger vi tilgangen til dei som ikkje betaler innan fristen! Ta kontakt dersom spørsmål – eller sjekk treningsstudio-sida.

Legg att eit svar