Birkebeinaren Tony

Laurdag 10. juni deltok Tony Stian Våge på Birkebeinerløpet med start på Birkebeineren Skistadion og målgang ved Håkons Hall på Lillehammer. Seige forhold og høgt nivå gjorde at håpet om personleg rekord og Birken-merket ikkje vart oppfylt, men uansett gjennomførte Tony med stil og ei solid tid!

Tony har vore med på Birkebeinerløpet også dei to føregåande åra, men dette var første gongen med skikkeleg tøffe forhold. I dagane og vekene før løpet var det mykje regn på den nordre delen av Austlandet.

Løpet er 21 kilometer lang med ei stigning på om lag 100 meter, og ei nedstigning på cirka 300 meter. Løypa går delvis i dei gamle olympiske langrennsløypene. Underlaget er både sti, kjerreveg og grasmark. I år var Birkebeinerløpet for 20. gong.

Det tidlegare nemnte Birken-merket vert gitt til dei som klarer ei viss sluttid. Denne tida vert bestemt ut ifrå gjennomsnittet av dei fem raskaste i den aktuelle aldersklassa, og så ved å legge til 25 prosent. I år var makstida for merke i klasse M 30-34 år på 1:42:53.

Tony vart klokka i mål på 1:50:51 – altså om lag åtte minutt bak merkekravet. Det var likevel ikkje langt bak den personlege rekorden hans på 1:49:39. I aldersklassa vart det 169.plass av 271 startande.

Det er ei flott forbetring frå 188.plassen i same klassa i 2016. Noko som tyder på at det var eit godt løp under krevjande forhold!

Totalt blant herrane gav tida ein 1426.plass.

Tony seier sjølv følgjande: – Det gjekk heilt greitt på Birken. Dette var første gongen med regn og gjørmete løype. Når du veit korleis løypene på Sjutoppsturen var i år med 300 personar som trakka opp løypa, kan du lett tenke deg korleis det blir når 10 000 personar trakkar opp Birkebeinarløypa!

– Det blei ein tung tur, men eg er fornøgd med tida 1:50:51. Skulle sjølvsagt klart merket på 1:43:00, men når Øystein «Pølsa» Pettersen og fire andre legger lista, vart nok jobben litt for hard.

Men han nektar å gi opp: – Eg seier som eg sa i 2016: Går for merket i neste år!

På biletet øvst ser vi høgdeprofilen til løpet, samt tempoet Tony hadde gjennom løypa.

Ein tanke om “Birkebeinaren Tony”

Legg att eit svar