Fotballkveld 30. juni

Vi gjentek suksessen frå dei tre siste åra og arrangerer ein såkalla «fotballkveld» på idrettsbana i Oshaugane fredag den 30. juni frå klokka 19.00! Dette er eit lågterskeltilbod der folk i alle aldrar kan bli med og spele fotball – og det er ikkje nødvendig å melde på lag på førehand.

Oppdatering: Det vert open kiosk, inkludert servering av grillmat!

Opplegget er slik at alle som vil vere med, møter opp og gir uttrykk for at dei vil vere med (og ikkje berre sjå på). Så deler vi opp i jamne lag med tanke på alder og ferdigheiter, og spelar passande lange og mange kampar. Alt er avhengig av kor mange det er som vil vere med!

Dette er same helga som ungdomslaget har jubileumsfeiring, så vi ser ikkje vekk ifrå at det kan bli ein del folk også fredagskvelden. Ungdomslaget har forøvrig ikkje program fredagen, og vi har avklart med styret i SFUL at det er i orden at vi arrangerer fotballkvelden.

Sjølv om det ikkje er nødvendig å melde på lag på førehand, er det fullt mogleg. Dersom de er ein gjeng som gjerne vil utgjere eit lag, sender de ein epost til post@sandsoyil.no med informasjon om dette!

Bileta herunder, og  øvst i artikkelen, er frå fotballkvelden i 2015.

Legg att eit svar