Medlemskontingent 2017

I desse dagar sender vi ut oppmoding til bygdefolket om å betale årets medlemskap i Sandsøy Idrettslag, i form av ein giro med informasjon om pris, alder og medlemsfordelar. Gjer vel og støtt idretten på Sandsøya og Voksa!

Alle aktive og tillitsvalde pliktar å teikne medlemskap. Dei som har eller vil ha tilgang til treningsstudioet på klubbhuset, får redusert pris på abonnement dersom ein har medlemskap i idrettslaget.

Medlemmer over 15 år har stemmerett ved årsmøte.

Det er sjølvsagt fullt mogleg å bli medlem utan å ha fått giroen. Betal til kontonummer 3906.30.25163 og oppgi «Medlemskontingent 2017», samt namn på dei/den det gjeld.

  • Barn: 75 kr (til og med 15 år).
  • Vaksne: 150 kr.
  • Familiemedlemskap: 250 kr (dvs. foreldre + barn, maksimalt to generasjonar, born maksimalt 15 år i år).

Nyttar du familiemedlemskap hugs å oppgi fødselsår og namn på alle familemedlemar. Vi oppmodar bygdefolket, hytteeigarar og feriefolk til å teikne seg som støttemedlemmer!

Legg att eit svar