Fjerde strake tapet

Jentelaget Sandsøy/Kvamsøy J14 gjekk på sitt fjerde strake tap etter sigeren i sesongopninga, då Ørskog gjesta Oshaugane Stadion andre pinsedag. Det var fullt fortent at resultatet vart 2-6, men heimelaget viste likevel gode takter dei siste 20 minutta av kampen.

Dermed står vi framleis med tre poeng, og er på sjuandeplass på tabellen – à poeng med jumbo Herd. Laget som vi slo i opningskampen, Langevåg Blå, er forøvrig på plassen over med fire poeng.

Så til dagens kamp. Det var tydeleg allereie frå start at Ørskog var gode. Våre jenter kom ikkje heilt inn i kampen, og vart delvis kjempa og duellert i senk i førsteomgangen. Bortelaget tok leiinga, men Sandsøy/Kvamsøy kom så tilbake og utlikna til 1-1 etter eit innlegg.

Likevel stod det 1-3 til pause, etter at Ørskog dominerte resten av omgangen.

Etter kvilen heldt det fram på same viset, og halvvegs i andre omgang var stillinga 1-6. Men deretter og ut kampen var heimelaget betrakteleg betre – heilt enkelt var dei det beste laget siste 20 minutta. Det førte også til eit flott reduseringsmål på eit langskot frå 15 meters hald.

Fleire mål vart det altså ikkje. Om lag 20 tilskodarar hadde teke turen til Oshaugane denne fine ettermiddagen.

God dommar var Sondre Voksøy Bringsvor.

Neste kamp for laget er torsdag 15. juni, borte mot Hareid.

Legg att eit svar