Fotballkamp måndag

Andre pinsedag 5. juni er det igjen duka for fotballkamp på Oshaugane Stadion! Sandsøy/Kvamsøy J14 tek imot Ørskog til det som er heimelaget sin femte seriekamp denne våren. Kampstart er sett til kl. 13.00. Vi håper at mange tek turen!

Jentene har hatt ein litt trøblete sesongstart, i alle fall samanlikna med dei føregåande åra. På dei fire første kampane har det vorte berre ein siger, og tre tap. Laget ligg på sjuandeplass av åtte lag.

Ørskog på si side har to sigrar og seks poeng på fem kampar, og ligg på fjerdeplass. Altså er øvre halvdel av tabellen innan rekkevidde for Sandsøy/Kvamsøy!

Tabellen finn du her.

Kvart lag skal spele sju kampar i løpet av vårsesongen, før det er blanke ark og nye tabellar (og nokre nye lag) til hausten.

Ved forrige heimekamp var det kanskje nokre som sakna kiosken. Denne har siste to månadane vore under oppussing, og er no i drift igjen. Altså vert det open kiosk måndag!

PS. Sandsøy IL skal etter planen arrangere turnering for G10-laget og resten av den avdelinga. Vi har framleis ikkje fått beskjed om kva for ein dag dette blir.

Legg att eit svar