3x Bringsvor på Blåfelden

Sandsøy IL gjorde seg godt bemerka i motbakkeløpet Blåfelden Rett Opp i dag. Vi hadde med tre blad Bringsvor, som i tillegg til sine individuell resultat også stilte i lagkonkurransen, der det vart fjerdeplass av åtte herrelag. Best av våre deltakarar var Eirik Voksøy Bringsvor som gjorde eit kjempeløp og kapra ein noko overraskande tredjeplass i eit sterkt startfelt.

Med seg på laget som representerte Sandsøy IL hadde han bror Thomas og onkel Anders. I lagkonkurransen er totaltida for dei tre på laget (tre raskaste, dersom fire eller fleire) er gjeldande. Altså vil den gjennomsnittlege tida vere avgjerande.

Og i denne konkurransen vart våre nummer fire med ei snittid på 52:44. Dei tre beste laga hadde snittidene 48:58, 49:35 og 50:02.

Blåfelden Rett Opp er som namnet seier svært bratt. Etter ein kilometer på flat veg, er det 800 høgdemeter på berre litt over to lengde-kilometer. Deretter er det litt nedover, flatt og slakt oppover siste kilometeren før målgang på majestetiske Blåfelden der ein har fantastisk utsikt over Syvde sentrum.

Thomas sprang i mål på tida 1:06:01, og vart nummer 56 av 61 i herreklassa. Anders tok seg til toppen på 50:22, noko som resulterte i 21.plass.

Og så var det altså Eirik som kom seg heilt opp på pallen. Med 41:48 var han berre 24 sekund bak andreplassen, og heile fem minutt og 25 sekund bak suverene Thorbjørn Thorsen Ludvigsen som i tillegg slo den gamle løyperekorden med eitt og eit halvt minutt.

Komplette resultatlister.

Kondis sin reportasje.

Synste Møre sin artikkel.

Legg att eit svar