Sandsøy IL vil prøve å selje ei tredemølle vi fekk i gåve til treningsstudioet, men som ikkje fekk plass.
Sjå oppslaget for meir info: Tredemølle til salgs
Sandsøy IL vil prøve å selje ei tredemølle vi fekk i gåve til treningsstudioet, men som ikkje fekk plass.
Sjå oppslaget for meir info: Tredemølle til salgs
Fotball: Sandsøy/Kvamsøy J14 spelte denne veka sine to siste kampar før sommarpausen. Etter tap i begge, endte laget sist på tabellen for vårsesongen.
Det er igjen mogleg å bestille klede frå klubbkolleksjonen vår. Sjå dette dokumentet (trykk her) for utval og prisar. Fristen denne gongen er fredag 30. juni. Ta kontakt på post@sandsoyil.no eller telefonnummer 994 22 824 (Eirik) dersom du er interessert!
NB! Dette er utval og prisar som vi fekk i fjor. Det er mogleg at det er små endringar på dette i år (vi har ikkje snakka med leverandør enno – gjer det dersom interesse). Dersom det er endringar, vil alle interesserte få beskjed om det før eventuell bestilling!
Vi sender i desse dagar ut betalingskrav for siste halvdel av 2017 til dei som har halvårsabonnement ved treningsstudioet. Dei som registrerte seg i haust og fram til april i år, har betalt for til og med juni månad.
Laurdag 10. juni deltok Tony Stian Våge på Birkebeinerløpet med start på Birkebeineren Skistadion og målgang ved Håkons Hall på Lillehammer. Seige forhold og høgt nivå gjorde at håpet om personleg rekord og Birken-merket ikkje vart oppfylt, men uansett gjennomførte Tony med stil og ei solid tid!
Vi gjentek suksessen frå dei tre siste åra og arrangerer ein såkalla «fotballkveld» på idrettsbana i Oshaugane fredag den 30. juni frå klokka 19.00! Dette er eit lågterskeltilbod der folk i alle aldrar kan bli med og spele fotball – og det er ikkje nødvendig å melde på lag på førehand.
Oppdatering: Det vert open kiosk, inkludert servering av grillmat!
I desse dagar sender vi ut oppmoding til bygdefolket om å betale årets medlemskap i Sandsøy Idrettslag, i form av ein giro med informasjon om pris, alder og medlemsfordelar. Gjer vel og støtt idretten på Sandsøya og Voksa!
Jentelaget Sandsøy/Kvamsøy J14 gjekk på sitt fjerde strake tap etter sigeren i sesongopninga, då Ørskog gjesta Oshaugane Stadion andre pinsedag. Det var fullt fortent at resultatet vart 2-6, men heimelaget viste likevel gode takter dei siste 20 minutta av kampen.
Sandsøy IL gjorde seg godt bemerka i motbakkeløpet Blåfelden Rett Opp i dag. Vi hadde med tre blad Bringsvor, som i tillegg til sine individuell resultat også stilte i lagkonkurransen, der det vart fjerdeplass av åtte herrelag. Best av våre deltakarar var Eirik Voksøy Bringsvor som gjorde eit kjempeløp og kapra ein noko overraskande tredjeplass i eit sterkt startfelt.
Andre pinsedag 5. juni er det igjen duka for fotballkamp på Oshaugane Stadion! Sandsøy/Kvamsøy J14 tek imot Ørskog til det som er heimelaget sin femte seriekamp denne våren. Kampstart er sett til kl. 13.00. Vi håper at mange tek turen!