Eirik sjette raskaste i Moldemarka

Laurdag vart fjelløpet Molde 7 Topper arrangert. Eirik Voksøy Bringsvor reiste dit, sprang og vart nummer fem totalt i herreklassene der det var 144 startande løparar. Han vart i tillegg slått av damevinnaren, men gjorde eit godt løp i følgje seg sjølv – vi har fått ein liten rapport frå vår representant i Moldemarka:

Det var ein trykkande varme i Molde denne laurdagen. Omtrent vindstille og etter kvart skyfri himmel. Heldigvis var det ein liten trekk på nokre av toppane.

Som det altså er sju av – akkurat som vår eigen Sjutoppsturen. Men Molde 7 Topper er enda litt meir krevjande. Her er det kun terreng, og løypa er 19 kilometer lang, med 1400 meter total stigning. I år var det også ganske sleipt og blautt, sidan det hadde regna ein del dagane forut.

Dei tunge føreforholda og den høge lufttemperaturen gjorde at dette vart eit tøft løp. Eg hadde på førehand håp om å klare ei sluttid i nærleiken av to timar. I fjor sprang eg på 2:14:20. Den gongen gjekk eg på ein liten smell i den lange nedstigninga til slutt, på grunn av dårleg væskeinntak undervegs.

Heilt konkret hadde eg drukke sportsdrikke i staden for vatn, noko som gjorde at det tetta seg heilt i brystet då eg skulle gje gass i nedoverbakken. Eg måtte rett og slett gå og småjogge mykje av vegen.

Med det i minne var eg motivert for å gjere det betre i år. Og det lukkast eg med også. Opningsfarta var perfekt. Mange starta som vanleg over evne, men eg visste at eg ville ta igjen mange av konkurrentane etter kvart.

Første drikkestasjon. To kjeftar med vatn i sluket, resten over nakken. Deilig!

På dette punktet, etter ein halv times springing, begynte eg å ta igjen dei som hadde «tatt seg vatn over hovudet» på den andre måten.

Eg prøver ikkje å presse for hardt, for det er langt igjen til mål. Eg føler det ikkje går fort, men veit at eg får problem seinare om eg aukar farta.

Andre drikkestasjon. Same prosedyre som ved første vatning.

Eg har tatt igjen eit par konkurranseløparar til, i tillegg til nokre hundre (- tusen, verkar det som…) mosjonistar. Dei to-tre siste toppane er enkle i forhold til dei første. Det er relativt kort mellom kvar topp, og det går meir nedover enn oppover.

Det nærmar seg slutten av løpet, og eg veit at no må eg begynne å ta ut det siste eg har. Men eg sparar heile tida litt til den lange nedoverbakken. For det er hardt å springe fort nedover også, spesielt når ein har to timar med myr og stein i beina.

Endeleg bikkar eg over siste toppen og ser Moldefjorden, Seilet, Aker Stadion og heile pakka langt der nede. Ein fyr i løypa seier plutselig til meg: «Du har sjanse på fjerdeplassen viss du er lett i steget!» Oi, tenkte eg. Er eg så godt plassert!? Eg hadde ikkje snøring på korleis eg låg an.

Siste drikkestasjonen er merkeleg nok rett før nedoverbakkane begynner. Og der står dei og tilbyr halvliterar med sportsdrikke. Eg spring rett forbi…

Og lett i steget eller ikkje; i mål kom eg på skikkeleg vis. Tida vart 2:07:42, altså ei forbetring på sju minutt frå i fjor. Og så var det hakket tyngre føre denne gongen. Eg er godt fornøgd!

Prestasjonen heldt til femteplass totalt, og førsteplass i herreklasse 21-30 år. Og så må eg nemne at vinnaren i dameklassa også slo meg!

Resultatliste.

Sjå bilete i Kondis sin reportasje.

Sjå også Romsdals Budstikke sin video, filma med GoPro-kamera.

Laurdag den 3. juni er neste løp for min del. Då skal eg prøve meg på det lokale Blåfelden Rett Opp i Syvde. Det vert noko ganske anna!

Legg att eit svar