Anders tredjemann til Hidsegga

Vår eigen Anders Bringsvor deltok laurdag i motbakkeløpet til fjellet Hidsegga, som er ein del av Moltustranda Mosjonsfestival. Han gjorde eit godt løp som resulterte i tredjeplass totalt blant herrane, og siger i si aldersklasse.

Det var Marcus Megrund frå Valder IL som var aller raskast. Andreas Skylstad frå Nordfjordeid tok andreplassen, medan også ei dame var raskare enn vår mann denne gongen. Ingrid Festø vann dameklassa på ny løyperekord med tida 39:40.

Anders sprang på 41:34 , som er om lag eitt minutt dårlegare enn den personlege rekorden hans.

Vi kan også nemne at herre-løyperekorden til vår eigen Eirik Voksøy Bringsvor (34:56) framleis er gjeldande. Men det skal seiast at det var ein del motvind denne gongen. Vinnartida vart i år 36:08.

Legg att eit svar