Ein handfull rett vest

Laurdag var ein handfull antal sandsøyingar med på fjellturen/-løpet Stadlandet Rett Vest, frå Dragseidet til Ervika. Og av våre to konkurranseløparar var Eirik Voksøy Bringsvor nest best i herreklassen, kun slått av Sjutoppsturen-toar Arve Rindal frå Nordfjordeid.

Fullstendige resultatlister er tilgjengeleg på arrangøren sine eigne nettsider stadlandetil.no/rettvest/.

Eirik var med på dette løpet tre gongar åra fram til 2013, og den personlege rekorden på 1:11:28 frå 2011 har stått heile tida. Men denne gongen vart det solid forbetring, gjennom ei sluttid på 1:02:43.

Dette var om lag to minutt bak vinnaren Rindal, som altså tok andreplassen på vårt eige fjelløp langfredag – den gongen bak Eirik.

Anders Bringsvor var også med i konkurransen. Han sprang i mål på tida 1:12:53, som er rett bak den personlege rekorden på 1:11:17 frå 2014. Det heldt til ein niandeplass blant dei 41 startande herrane.

I tillegg var det altså tre-fire sandsøyingar som reiste for å gå den praktfulle turen som mosjonistar. Vêret og føreforholda var av ypparste sort, så flotte Stadlandet viste seg frå si beste side denne mai-laurdagen.

Sjå også bilete og tekst i Kondis sin reportasje.

 

Legg att eit svar