Jamnspelt i Oshaugane

Jentefotballkampen mellom fjortenårslaga Sandsøy/Kvamsøy og Mauseidvåg/Solevåg IL vart av det spennande og sjåverdige slaget tidleg søndag ettermiddag. Etter 3-3 til pause, var det til slutt gjestane som trakk det lengste strået og til slutt sigra med 6-4.

Det var møtt opp 32 tilskodarar – både foreldre og andre interesserte – i tillegg til lagleiarar og dei som var i aksjon ute på bana, som var plassert langsmed den nordaustlege kanten av «hola». Dermed var det lunt og fint i sola på naturtribuna.

Og besøket var etter det vi kan fatte verdifullt, også med tanke på sjølve fotballkampen. For denne gongen var det to jamngode lag som utkjempa ein, for det aller meste, real duell.

Bortelaget fekk etter knapt halvspelt første omgang tildelt straffespark, då dommaren meinte at det var hands inne i målfeltet. MSIL sette åttemeterssparket trygt i mål, og tok leiinga i kampen.

Men Sandsøy/Kvamsøy kom straks tilbake, og putta tre ballar i nota før kvilen. Sidan gjestane også skora ytterlegare to mål, var det altså 3-3 i protokollen ved pause.

Langt utover i andre omgang var det framleis den same stillingskrigen. Begge lag hadde sine sjansar, og begge lag fekk mål. Men etterkvart fekk bortelaget overtaket, og ti minutt før slutt var dei to mål framom.

6-4 heldt seg også kampen ut. Heimelaget såg slitne ut mot slutten, og klarte aldri å legge press mot MSIL-buret. Likevel var det ein positiv kamp frå begge lag, der vi fekk sjå mykje godt spel og mange flotte skoringar!

Neste kamp for Sandsøy/Kvamsøy J14 er mot Herd søndag 21. mai – då på Haugvoll Stadion på Kvamsøya.

BILETE FRÅ KAMPEN

Legg att eit svar