To blad Bringsvor på Eikenosa Opp

Anders Bringsvor og Eirik Voksøy Bringsvor representerte i dag Sandsøy Idrettslag i motbakkeløpet Eikenosa Opp i Ålesund. Sistnemnde tok fjerdeplassen, men ingen av dei klarte å hevde seg mot sine eigne personlege rekordar i dette 4,5 kilometer korte løpet.

Anders sprang dei 300 høgdemeterane på 22:32. Det er meir enn eit minutt dårlegare enn bestenotering, og var i dag godt nok til 19.plass.

Eirik la bak seg den asfalt- og grusdekte løypa på 20:28. Det er 14 sekund treigare enn i 2015, som er det einaste forsøket hans frå før.

Sjå Kondis sin reportasje her.

Dei beste herreløparane:
1. Kristian Sandnes Nilsen, Emblem IL 19:48
2. Marcus Megrund, Valder IL 19:53
3. Kornelius Linge Glomnes, Valldal IL 20:00
4. Eirik Voksøy Bringsvor, Sandsøy IL 20:28
5. Per Strøm, Møre FHS 20:34
6. Ludvig Vartdal, ukjent 21:00

7. Are Uran, Averøy 21:31
19. Anders Bringsvor, Sandsøy IL 23:32

Dameklassa vart vunne av Ingrid Festø, Gular IL, med tida 22:03, som er ny løyperekord.

Om to veker skal truleg begge Bringsvor vere med på Stadlandet Rett Vest, som går frå Dragseidet til Ervika. Deretter vurderer dei Molde7Topper, før det ganske sikkert vert Blåfelden Rett Opp i Syvde første laurdagen i juni.

Legg att eit svar