Årets første i Oshaugane

I morgon søndag 7. mai er det klart for første fotballkampen her på Sandsøya for i år. Det er J14-laget som skal ta imot Mauseidvåg/Solevåg til det som er tredje serierunde i sjuarserien for jenter 14 år. Kampstart klokka 13.00.

På heimelaget er det sjølvsagt spelarar som er yngre enn det også. Til liks med dei siste åra, er dette eit samarbeidslag mellom Sandsøy og Kvamsøy. Det er totalt ti jenter med på laget. Tre av desse er frå Sandsøya.

I dei to første kampane i årets sesong vart det først siger 8-4 mot Langevåg Blå heime på Kvamsøya for to veker sidan, før Langevåg Gul vart for sterke og vann 11-0 på si heimebane sist måndag.

Sandsøy/Kvamsøy står dermed med tre poeng etter to kampar, og ligg med det på sjetteplass i serien med åtte lag.

Kampen søndag er sett opp med kampstart klokka 14.00, men truleg er dette ikkje reelt. Vi har ikkje lukkast med å finne ut av dette enno, men vil tippe at tidspunktet vert rundt 13.00. Følg med her på sida, eller på Facebook-sida vår for bekreftelse i løpet av dagen laurdag!

Legg att eit svar