Nummer tre på Åheim

Eirik Voksøy Bringsvor deltok 1. mai i terrengløpet på Åheim, som har det passande namnet 1. mai-løpet. Trass i fantastiske forhold, klarte han ikkje å tukte verken tida eller andreplassen frå i fjor, men likevel heldt innsatsen til ein fin tredjeplass.

I fjor sprang han den knapt 3 kilometer lange løypa rundt om på markene ved Olivinhallen på ti minutt og fem sekund, og var den gongen berre 15 meter bak vinnaren. I år vart sluttida 10:30. Vinnar vart som i 2016 Vetle Uhre Hammersvik frå Førde. Andreplassen tok Marcus Megrund frå Ålesund.

Les Kondis sin reportasje her.

Komande laurdag skal Eirik etter planen sin vere med på asfalt-motbakkeløpet Eikenosa Opp frå Emblem i Ålesund.

Legg att eit svar