Ravn-kampen utsett

Fotballkampen mellom Ravn og Sandsøy/Kvamsøy J14, som i utgangspunktet skulle spelast denne helga, er flytta til måndag 19. juni. Kampen er på Ravn si heimebane. Neste kamp for våre jenter er dermed måndag om ei veke, den 5. juni, heime på Oshaugane Stadion kl. 13.00. Gjestande lag er Ørskog.

 

63 besøk i april

I april månad vart det registrert 63 besøk på treningsstudioet vårt. Det reelle talet er garantert noko høgare, sidan vi berre får registrert den brikken som vert brukt for å opne døra. Altså kan fleire ha gått inn i lag. Uansett er det ein nedgong frå alle tidlegare månader sidan opninga i oktober. Men det skuldast nok at det går mot sommar, og at folk difor trimmar meir utandørs!

Les meir om 63 besøk i april

Langevåg for gode, 11-0!

Jentelaget J14 spelte i dag 1. mai den andre kampen for sesongen. Det endte med tap 11-0 på bortebane mot Langevåg Gul. Stillinga ved pause var 7-0. Sandsøy/Kvamsøy tapte denne gongen mot eit betre lag.

Søndag 7. mai er det duka for årets første kamp på Sandsøya, når J14-laget tek i mot Mauseidvåg/Solevåg på Oshaugane Stadion.