G10 på MT Cup i Tjørvåg

Det yngste fotballaget vårt tok «innersvingen» på 14-årsjentene som har sin første kamp søndag, og tjuvstarta sesongen med deltaking i MT Cup i Tjørvåg laurdag 22. april. Der vart det både siger og tap.

Laget opna strålande og leia lenge mot Hareid i første kampen, men så snudde motstandarane med nokre mål på tampen.

Ein litt svakare kamp mot Gurskøy enda med tap, før gutane reiste kjærringa med siger mot Tjørvåg i siste kampen.

MT Cup er ny for året, og er for jentar og gutar i alderen 6-12 år. Det er Tjørvåg IL i samarbeid med sin sponsor Marin Teknikk AS som arrangerer.

Legg att eit svar