Dagen med stor «D»

Dette var dagen då så å seie alt klaffa. Den trettande utgåva av Sjutoppsturen går inn i historiebøkene som den aller, aller beste. Og det på så mange måtar!

Då sola i morgontimane steig opp på den skyfrie himmelen, forstod vi at dette kunne bli bra. Noko våte og gjørmete løyper dei siste vekene gjorde at vi ikkje hadde kjempestore forventningar til deltakartalet denne gongen. Men «snakka om sola»…

For der kom ho – og det i hopetal. Først kom bussen ein gong. Stappfull. Så kom bussen ein gong til. F-U-L-L.

Og då var over hundre morgonkvikke menneske allereie ute i løypene. Mange var førehandspåmeldt.

I år var det også fleire enn  normalt som registrerte seg for landevegsmarsjen rundt Vågen. Når vi samlar både mosjon, konkurranse og marsj, er det totale deltakartalet om lag 550!

Dei nøyaktige tala må vi kome tilbake til.

Denne gongen var det ingen som skada seg nemneverdig, så Røde Kors fekk ein roleg dag.

På drikkestasjonane var det nok hakket meir travelt.

Kamp til siste topp
Sjølv om deltakartalet i konkurranseklassa var som normalt dei siste åra, var det tøffare kamp om sigeren enn i fjor. Det var relativt jamt i dameklassa, der Hege Ringdal var to og eit halvt minutt føre Lillian Todnem, med Wenche Bjørkeng på tredjeplass, om lag 20 minutt bak vinnaren.

I herreklassa var det endå tettare. Heimehåpet Eirik Voksøy Bringsvor la seg tidleg i rygg på meir meritterte Arve Rindal, og dei følgde kvarandre over dei to første toppane og oppover mot Rinden. Der fekk førstnemnde bortimot 30 sekund i forsprang, men Rindal var ajour igjen ved mellomtid i Hellandsvågane.

Deretter klarte Eirik å smyge seg ifrå igjen, og oppover mot den sjette toppen, Hornet, var det tilsynelatande avgjort. Leiinga heldt til mål, der Arve var 17 små sekund bak.

Det var ei god stund jamt også om tredjeplassen, men Gisle Skjølberg avgjorde kampen til sin fordel i den lange nedstigninga frå Signalen til Hellandsvågane.

Føreforholda var denne gongen under middels gode, men praktisk talt ingen vind vog litt opp for det, noko som førte til mange gode sluttider også i år. Begge løyperekordane frå 2016 står uendra, men likevel var det fleire som sette personlege rekordar og stadig fleire klarer den magiske totimersgrensa.

Forutan dei aktive, var det også mange som tok turen til Rosenlund for å sjå og kjenne på atmosfæren denne fantastiske langfredagen. Kafeen gjekk med kjempeoverskot, og små endringar i sekretariatet gjorde at registreringa gjekk effektivt – sjølv når store grupper med busspassasjerar kom samla.

Fleire bilete er å finne i fotoalbumet.

Vi i Sandsøy Idrettslag ønskjer å rette ein stor takk til alle som var med på å gjere arrangementet til ein gigantisk suksess! Så ønskjer vi alle hjarteleg velkomne tilbake i 2018.

Legg att eit svar