Fantastisk!

Sjutoppsturen 2017 er ferdig, og for ein fantastisk dag det vart! Deltakarrekorden frå 2014, då det var totalt 440 registrerte deltakarar, vart grundig slått denne gongen. Meir enn 550 glade menneske boltra seg i den storslåtte naturen vår i dag – og dét under skyfri himmel!

Det var 35 løparar med i konkurransen med tidtaking. I herreklassa vart det nok ein gong heimesiger, då Eirik Voksøy Bringsvor tok sin fjerde førsteplass på rad. Sluttida var 1:32:26, så løyperekorden frå 2016 (1:29:41) står framleis.

I dameklassa var det Hege Ringdal frå Sunnylven IL som var raskast med tida 2:06:50. For fullstendig resultatliste, sjå linken rett under.

Resultatliste konkurranseklasse totalt 2017

Fleire reaksjonar, og meir stoff frå denne fantastiske langfredagen kjem etter kvart!

Legg att eit svar