Velkomen til Sandsøya!

Så er det kvelden før dagen, og Sjutoppsturen 2017 står for tur. Med gode vêrutsikter og allereie mange påmeldte, satsar vi på ei fantastisk trettande utgåve av vårens vakraste eventyr!

Dei som fekk startnummera sine i dag, kan starte å gå når dei vil. Førehandspåmeldte hentar sine nummer i sekretariatet der det er merka med «Førehandspåmeldte/Konkurranse».

Ver klar over at drikkestasjonane er tilpassa dei som startar kl. 9 eller seinare. Ved Dollstun er det drikke å få frå kl. 09.30. I Hellandsvågane og i Våge opnar serveringa seinast kl. 11.

Det er truleg mange som tek sikte på å ta bussen frå ferjekaia til start- og målområdet. Det er flott. Dei som vel å ta med eigen bil, ber vi om å parkere ved butikken eller på fiskerihamna. Det er skilta med «Startområde» i kvart kryss frå ein kjem i land på Sandsøya.

Registrering på toppane
Alle deltakarar får utdelt startnummer i form av eit ark med nummeret og sponsorar på den eine sida, og kart og registre-ringsfelt på den andre. Kartet viser hovudtrasé og alternative løypeval (ikkje for konkurranseklassene). Registreringsfeltet har ei rute for kvar topp, og i denne ruta skal ein stemple med ei nåltang som er på den aktuelle toppen.

Konkurransedeltakarane får kvart sitt mindre registreringskort som dei bruker til å registrere seg på alle toppane. I tillegg får alle utdelt kart slik som mosjonistane – dette kan ein ta med seg dersom ein vil, eller synest ein treng det, men løypa er no så godt merka at det ikkje skulle vere nødvendig.

Velkomen!
Sandsøy Idrettslag vil herved ønske hjarteleg velkomne til årets påsketrim på påskeøya!

Sist men ikkje minst vil vi også takke for støtta vi har fått frå lokale bedrifter til årets arrangement!

Legg att eit svar