Lovande vêrutsikter!

Med under to døgn igjen til langfredag og Sjutoppsturen 2017, kan det sjå ut som vi er heldige med vêret endå ein gong! Vêrmeldinga for dei neste 48 timane seier at det skal klarne opp ut på dagen skjærtorsdag, og vere strålande sol frå morgonen av langfredag.

Uansett om vêret vert bra, er det verdt å varsle om at løypene er ganske våte og gjørmete. Spesielt gjeld dette dei fire første toppane. Det går heilt fint å gå slik det er no, men med fleire hundre personar gjennom løypene, vert det berre verre og verre. Vi oppmodar difor alle til å ha så godt fottøy som mogleg!

Det er dermed sjølvsagt ganske sleipt nedover også, men dersom sola kjem fram såpass som det no er meldt, vil i alle fall stein og berg bli nokså trygt å trakke på. Vi har også montert meir tau mellom Signalen (topp 4) og Hellandsvågane, slik at der no er tre bratte parti ein har noko å halde seg i.

Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til Sandsøya, og ei fantastisk oppleving langfredag!

Legg att eit svar