Info til konkurranseløparar

Her kjem ei presisering av opplegget rundt konkurranseklassene i Sjutoppsturen 2017.

– Påmeldingskontingenten på 200 kr inkluderer eingongslisens på 30 kr. Dei som har heilårslisens frå før, skal dermed betale 170 kr.

– Fellesstart for konkurranseløparane er kl. 13.00. Det er lagt opp til at ein kan kome med ferja kl. 12.15 (11.45 frå Larsnes, 12.00 frå Åram). Dersom det er kø på bussen og/eller i sekretariatet, vil løpet bli utsett nokre minutt til alle er klare. Gi gjerne beskjed, dersom du føler at du har lite tid når du begynner oppvarming!

– Du kan betale påmeldingskontingenten på førehand (nettbank), utan å bestemme deg for om du vil benytte busstilbodet. Viss du likevel tek bussen, kan du betale for det når du kjem til sekretariatet, enten før eller etter løpet. Prisen er 50 kr tur/retur.

– På kvar topp er det klippetenger som løparane skal bruke til å «stemple». Det gjerast i klippefeltet på kartet eller klippekortet som vert utdelt (kan velge ein av desse to).

– Løypene er godt merka, så det skal ikkje vere nødvendig å bere med seg kartet – dei fleste brukar då klippekortet.

– Det er tre drikkestasjonar i løypa: Ved Dolstun etter topp 2 (saft og vatn), i Hellandsvågane etter topp 4 (saft, vatn, frukt), og i Våge før topp 6 (saft, vatn, seigmenn).

– Det er garderobe med dusj og toalett på klubbhuset ved idrettsbana, som er om lag 1,5 km frå start- og målområdet. Dette er mellom ferjekaia og start/mål, og er huset er godt synleg med «Sandsøy IL» på veggen. Sjå også kart.

– Ved Rosenlund er det toalett og ein enkel dusj (lite plass).

– Premieutdeling i målområdet kl. 15.30. Vi begynner så tidleg fordi nokre truleg vil rekke ferja kl. 16.15.

– Pengepremie til dei tre beste for kvart kjønn. Førsteplass 1000 kr, andreplass 500 kr, tredjeplass 250 kr. Klassevinnarane får ei Sandsøy IL klubbhue i premie – ta kontakt i sekretariatet dersom du reiser før utdelinga!

Legg att eit svar