Juliane på Team Søre

Juliane Voksøy Bringsvor er utteken på regionlaget til Sunnmøre Fotballkrets på Søre Sunnmøre, kalla Team Søre. Ho har gjennom vinteren vore med på treningar som dei ivrigaste spelarane frå alle klubbane har hatt tilbod om å vere med på. For kort tid sidan vart det gjort eit uttak blant desse, der dei uttekne no skal utgjere laget for 2004-årgangen.

Denne gjengen vil ha eigne treningar utover våren, i tillegg til aktiviteten dei er med på gjennom sin eigen klubb. Til hausten vert det eit nytt uttak, før laget skal spele kampar mot tilsvarande lag frå regionane omkring Ålesund, Molde og Kristiansund.

Det er IL Hødd Fotball som administrerer Team Søre-opplegget. Meir om det kan du lese her: http://www.hodd.no/ilhoddfotball/sport/hoddskulen/team-sore

Legg att eit svar