God støtte frå lokale bedrifter!

Med to veker igjen til Sjutoppsturen, har vi fått på plass sponsorane til årets arrangement. Det har vore mange positive svar, og totalt 18 bedrifter støttar Sjutoppsturen 2017!

Sølvtrans er verdas største brønnbåtselskap (i følgje dei sjølve) for transport av levande laks og ørret. Bedrifta har hovudkontor i Ålesund, men opphavsmann og største eigar Roger Halsebakk er oppvaksen på Sandsøya.
http://www.solvtrans.no/

Sandefisk er hjørnesteinsbedrifta på Sandsøya. Dei driv fiskemottak og er ein av landets fremste produsentar av fersk fisk og filet. I tillegg driv dei oppdrett av hummar, og sal av frosen filet.
http://www.finefish.no/

Marine Harvest avdeling Bjørlykkestrand er ein del av eit verdsstort sjømatselskap som er den aller største produsenten av atlantisk laks.
http://marineharvest.com/

Larsnes Auto  er ein MECA-verkstad som tek i mot alle bilmerke. Dei held, som namnet tilseier, til på Larsnes, nærmare bestemt i Hallekrysset.
http://www.meca.no/Verksted/Larsnes/597_Larsnes_Auto_AS.aspx

Sandsøy Båtservice har base i Voren på Sandsøya, og driv mange slags service med hjelp av båt. Dei utfører spyling av not i sjø, ringvask, transport, kraning, ROV-inspeksjon, fortøyning med meir.
http://sbservice.no/

Larsnes Mek. Verksted beskriv seg sjølve som eit av dei leiande skipsverfta i Noreg. Dei bygger både fiskeri- og brønnbåtar.
http://www.larsnes-mek.no/

Vebjørn Strømsnes AS er eit byggefirma heimehøyrande på Sandsøya, som har oppdrag både her på øya og i Ålesundsområdet, der størsteparten av arbeidsstokken er.

Sande Rekneskap er eit autorisert rekneskapskontor som tilbyr både rekneskapsføring, fakturering og lønnsarbeid. Dei har kontor på Larsnes, i Ulsteinvik og på Fiskå.
http://sanderekneskap.no/?PageID=6

Brudanes er ei brønnbåtbedrift med lang erfaring innan frakt av levande fisk. Reiar Bjørn Våge bur sjølv på Sandsøya.

Brimer på Kvamsøya er hjørnesteinsbedrifta på naboøya vår. Dei er ein av Europa sine fremste produsentar av tankar, vannbasseng og siloar av glassfiberarmert plast.
http://www.brimer.no/

Coop Marked Sandsøy er den lokale daglegvarebutikken på øya, og har gjentekne gongar fått merksemd i Coop-konsernet for spesielt god drift og kundeservice.

Skare Feriehus leiger ut hytter og fritidshus på idylliske Skare, lengst vest på Sandsøya.
http://skare-feriehus.no/

Comfort A.M. Vik  frå Syvde er eit lokalt rørleggarfirma. Dei driv også butikk med eit stort utval av VVS-artiklar og oppdaterte utstillingar av baderomsmøblar og utstyr.
https://www.comfort.no/faghandel/comfort-syvde

Revisorgruppen avdeling Møre er ein del av eit nettverk sjølvstendige revisjonsfirma i heile landet. Dei har kunnskap om skatt og avgift, omstrukturering av selskap, generasjonsskifte, rekneskapsmessig rådgjeving, og driv i tillegg litt kursverksemd.
http://rg.no/department/rg-more/

Breivik Kalkverk driv utvinning av kalk og produksjon av diverse stein- og sementvarer på Breivikneset like ved Larsnes. Kalkbrotet har vore i drift sidan 1885.
http://www.breivik-kalkverk.no/

Larsnes Last og Buss held til ved ferjekaia og rådhuset på Larsnes, og er ein bilverkstad som i tillegg til å reparere, utføre service og EU-kontroll, også er påbyggarverkstad.
http://www.llb.as/

Nystøl & Fagerhol er ein lokal byggevareforhandlar i Byggfag-kjeda med butikk og lager på Fiskå i Vanylven. Dei tilbyr levering på Sandsøya kvar torsdag.
http://www.xn--nystl-fagerhol-tqb.no/

 

Legg att eit svar