Fire veker igjen

Det nærmar seg påske, og denne helga er det berre fire små veker igjen til langfredag og Sjutoppsturen 2017! Opplegget blir om lag som i fjor, men nokre små endringar er det, og kan det bli.

Startkontingenten er i år som følger:
– Mosjon barn 50,- og vaksne 120,-.
– Konkurranse 200,-.
– Landevegsmarsj barn 25,- og vaksne 50,-.

Vi har betalingsterminal for bankkort.

Etter erfaring frå tidlegare år, har vi bestemt at sekretariatet denne gongen opnar kl. 0900 på turdagen. Dersom nokon tilreisande ønskjer å kome på ferja kl. 0810, er det også heilt i orden – men ta i så fall kontakt på førehand! Det vil også vere ope for registrering skjærtorsdag kl. 18-19.

Fellesstart for konkurransedeltakarar kl. 1300. Det er dusj i målområdet og på klubbhuset.

Vi tek sikte på å leige buss som køyrer mellom ferjekaia og startområdet. Dette er framleis ikkje heilt spikra, men truleg går det i orden.

Det vert for tida jobba med å hente inn sponsorar til Sjutoppsturen 2017. Per i dag har vi følgjande bedrifter med på laget:
– Sandefisk
– Brimer
– Sande Rekneskap
– Brudanes
– Larsnes Auto
– Coop Marked Sandsøy
– Sølvtrans

Legg att eit svar