Sjutoppsturen langfredag 14. april

Med nøyaktig åtte veker igjen til langfredag, startar vi oppkøyringa til Sjutoppsturen 2017! Utfordre ein venn eller fire og planlegg allereie no å ta del i årets arrangement, som er det 13. i rekkja sidan det første i 2005.

Dette er ei naturoppleving de neppe vil gløyme med det første, og i tillegg er Sjutoppsturen ei fysisk utfordring det ikkje er sjølvsagt at ein klarer å fullføre!

På grunn av av Rosenlund har lagt ned drifta og er til sals, er det framleis usikkert kva som vil vere basen med start og mål for årets tur. Dette vert avklart innan ein månads tid, vil vi tru.

Årets tur er uansett som vanleg langfredag, som i år er 14. april.

Sjutoppsturen tilbyr også den såkalla turmarsjen som eit alternativ til fjellturen. Det er ein landevegstur i låglandet. Løypa går rundt Sandsvågen og over Straumsbrua (valfri retning).

Sjølve fjellturen går i ei runde rundt øya, over sju fjelltoppar med ulik høgd og stigning frå den forrige toppen. Løypa er 15 kilometer lang, og har både asfalt, grus og stein/myr/torv som underlag.

Sjekk http://sandsoyil.no/sjutoppsturen/ for all informasjon!

Vi ønskjer alle som ein hjarteleg velkomne til påskeopplevingar på Sandsøya i april!

Legg att eit svar