Nok ein suksess

Den tolvte Sjutoppsturen vart nok ein suksess – totalt 369 registrerte deltakarar gjorde sitt til at langfredag 25. mars 2016 går inn i historiebøkene som kanskje den aller ypparste nokon gong.

Ikkje minst sidan vi fekk nye løyperekordar både på herresida og pådamesida. Og det var ikkje kva som helst slags rekordar. Jenny Gåsø Schefte vart første jente nokon sinne til å fullføre Sjutoppsturen på under to timar. Eirik Voksøy Bringsvor vert for alltid ståande som den første til å bryte 1,5-timarsgrensa.

Imponerande prestasjonar av begge to – og av mange andre som også sette personleg rekord – spesielt med tanke på føreforholda. Ein del regn i førevegen, gjorde at i alle fall 2/3 av løypa var tung og sugande.

Men som så ofte før, braut sola igjennom utpå føremiddagen, etter at det var nokre regnbyger også i morgontimane.

Mosjonistane fekk dermed nok ein gong oppleve kor raskt vêret skiftar her på desse kantar. Då konkurranseklassa la i veg sydover langs fylkesvegen, og deretter opp til første toppen, var det med sola midt imot.

Dei tre raskaste damene:

  1. Jenny Gåsø Schefte, Elnesvågen 1:51:29
  2. Louise Skak, Romerike Ultraløpeklubb 2:06:39
  3. Wenche Bjørkeng, Gjerdsvika IL 2:34:14

Dei tre raskaste herrane:

  1. Eirik Voksøy Bringsvor, Sandsøy IL 1:29:41
  2. Are Uran, Averøy 1:41:46
  3. Anders Bringsvor, Sandsøy IL 1:42:12

Komplett resultatliste.

I konkurranseklassa var det i år  med 37 løparar, derav sju damer og 30 menn. I mosjonsklassa deltok 310 personar – 65 born og 278 fullførte. To born og 20 vaksne gjekk Sandsøymarsjen rundt Vågen.

Anders Bringsvor, ein av dei største eldsjelene i arrangementet, og tredjemann i konkurransen, mottok pokal og diplom for deltaking og fullføring av ti turar sidan oppstarten i 2005. Han er den sjette til å få denne utmerkinga.

Sjekk adelskalenderen for oppdatert liste.

Busstilbodet vart også ein suksess. Hallgeir Åsebø frå Hallgeirs Turbuss skyssa 76 personar frå ferjekaia til Sandshamna, og tilbake. Det er 24 fleire enn i fjor!

Vanylven Røde Kors Hjelpekorps var mannsterke, og fekk også prøve seg då ei voksen dame braut foten på veg ned frå Signalen (topp 4). Ambulansehelikopter kom og henta den skadde etter at hjelpemannskapet frakta henne litt oppover fjellet igjen, til ein eigna landingsplass. Vi har vore i kontakt med familien til kvinna i etterkant. Ho er no operert og i god behold.

Nok ein gong vart Sjutoppsturen ein folkefest. Vi har inntrykk av at dei aller fleste fekk ei god oppleving som freistar til gjentaking. Også dei som fekk det tungt, eller som vart skadde eller av andre grunnar måtte bryte, vil vonleg etter kvart også hugse det positive dei fekk oppleve!

Det er i alle fall ingen tvil om at Sandsøya har fått den beste reklamen den kunne ha fått. Sjutoppsturen står no urokkeleg sterkt, og det er ingen tvil om at dette ikkje var siste gongen!

Legg att eit svar