HYTTA SI HISTORIE

TILBAKEBLIKK PÅ BYGGINGA AV KLUBBHUSET

Dei aller fleste har truleg fått med seg at Sandsøy IL planlegg ei utviding av klubbhuset på idrettsbana i Oshaugane. Det nye bygget er rekna til om lag 1,5 millionar kroner og skal innehalde eit trimrom og to garderober med dusj og toalett. I samband med prosjektet har vi leita i arkivet for å finne ut korleis det gjekk føre seg då det eksisterande huset vart bygt.

Det var året 1990, at klubbhuset stod ferdig, ifylgje referatboka til idrettslaget. Då var det gått åtte år sidan Oshaugane Stadion vart opna, og 18 sidan skipinga av Sandsøy IL.

Brakker
Frå baneopninga i 82 var den første prioriterte saken på anleggsida å få på plass flaumlys. På eit styremøte i 83 vart det sett ned ei gruppe som skulle arbeide med tribuner og “eventuelt klubbhus“.

Eit par år seinare kom det på plass to brakker ved bana. Nummer to med sanitærfasilitetar.

Frå mars 1986 er det referert at klubbhus skulle vere den prioriterte saken framover. Kort tid etter låg det føre eit pristilbod på material, som det vart vedteke å akseptere.

Bygging i 90
Framgangen dei komande åra er noko uviss, for neste gong saken er nemnt i referatboka, er ved eit styremøte i oktober 1989. Her går det fram at byggenemnda bestod av Steinar Soldal, Arnulf Kinden, Kåre Bjørn Våge, Johan Våge og Reidar Baade.

Men i 1990 skaut prosjektet fart. Vi siterer frå referatboka:
“Tor Arne orienterte om arbeidet så langt. Vi ventar på at Atle Beitveit skal bli ferdig med teikningar og materiallister. Vi har fått lovnad på stein til planering frå Sandanger Maskin AS, og vi må innhente tilbod på material“ (21.2.90).

“Atle Beitveit og Steinar Soldal teiknar klubbhus + lagar materialliste“ (8.4.90).

“Det vart søkt om tippemidlar til klubbhuset. Rama til det nye klubbhuset vart støypt den 1/9“ (3.9.90).

“Styret skreiv under på lånet til klubbhuset som skal betalast tilbake så snart vi får tippemidlar“ (3.11.90).

Ferdigstilling i 91
På årsmøtet i november orienterte Atle Beitveit om det vidare arbeidet og i årsmeldinga vart det skrive at huset var kome opp, og at ein takka alle som hadde stilt opp på dugnad.

Brakkene vart selde for 4000 kroner i løpet av 1990, men det nye huset var ikkje fullstendig ferdig før eit stykke ut i det nye året.
Totalt kom klubbhuset på i overkant av 600 000 kroner.

Endeleg utviding
Noko som ikkje går fram av referata, er debatten som gjekk rundt kor vidt det skulle byggast garderober og dusjar eller ikkje. Enkelte meinte at det burde ha vore gjort, medan andre såg på bruk av fasilitetane ved skulen som tilfredsstillande dei gongane det var behov for det.

Nesten 25 år seinare er idrettslaget i ferd med å bygge ut huset. Dei siste åra har behovet og etterspurnaden etter garderober omtrent vore fråverande, men dette er ikkje grunnen til prosjektet.

Garderobeanlegget kjem i andre rekkje. I bakhovudet har styret hatt avgjerdsla frå 1990 om ikkje å koste på seg garderober, samtidig som ein vonar om betre oppslutnad – og dermed auka behov – i framtida.

PS. Dersom nokon har tilleggsinfo om bygginga av klubbhuset, eller meiner det som er skrive i denne artikkelen inneheld feil, ber vi om at de tek kontakt med oss – rett skal vere rett!

Legg att eit svar