Klar deltakarrekord

Sjutoppsturen 2013 ein stor suksess

Det vart sett både ny deltakarrekord og ny løyperekord då den niande utgåva av Sjutoppsturen gjekk av stabelen langfredag. Reknar ein også med turmarsjen rundt Sandsvågen, og dei som ikkje registrerte seg, var over 300 glade menneske i aktivitet på påskeøya denne dagen.

Førebuingane til årets arrangement har vore meir omfattande enn nokon gong før. Trimgruppa, leia av Anders Bringsvor, har gjort ein stor jobb med å merke og rydde løypa, lage retningsskilt og infoplakatar. Nytt av året var målsegl sponsa av Plany, og ein heimelaga sigerspall. I tillegg til fleire små forbetringar, var rammene for årets tur veldig gode.

Etter den siste tids kulde og opphaldsvêr, var løypa nokre stadar snø- og islagt. Dette skapte vanskar for mange, spesielt når ein skulle ta seg ned frå Signalen til Hellandsvågane. For dei aller fleste gjekk det greitt, men vi fekk dessverre eitt tilfelle der ein turgåar måtte sendast til legevakta. Dette etter at Røde Kors ikkje kunne hjelpe til i særleg grad. Kritikkverdig.

To karar på veg ned frå Signalen.

Konkurranseklassene bestod i år av totalt 20 løparar, der dei aller fleste var i kategorien herrar 18 +. Dessverre var det berre ei kvinne som sprang alle sju toppane på tid. Dette er noko som ein bør prøve å lyfte nokre hakk. Best tid av alle hadde Arve Rindal frå Eid IL som med tida 1.40.25 sette ny løyperekord.

På andre- og tredjeplass var sandsøyingane Eirik Voksøy Bringsvor og Anders Bringsvor. Tidene vart 1.44.19 og 1.48.56. Totalt fem løparar klarte turen på under den magiske grensa på to timar. Anita Andersen, einaste deltakar i kvinneklassen, fullførte på 3.13.02 og kunne dermed innkassere tusen norske kroner.

Sigerspallen i herreklassen: Arve Rindal (1), Eirik Voksøy Bringsvor (2) og Anders Bringsvor (3).

Elles var det mykje folk ved Rosenlund, der det var påmelding, start/mål og kafé. Ein lett bris frå sørvest og overskya til klart skydekke utan nedbør, gjorde dagen til ein flott utedag i både for dei som mosjonerte, sprang, gjekk tur i låglandet, eller berre å nytte dagen på hamna.

Praktfullt på Sandsøya denne langfredagen!

Legg att eit svar